Varsel om oppstart av detaljregulering for «E51 – Krokenesvågen» i Vanylven kommune. PlanID: 1511-202304.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 38/8 med fleire i Vanylven kommune. Namn på detaljplanen er «E51 – Krokenesvågen».

5381 Varslingsbrev Med Vedlegg 2024 05 28

Planområdet

Planområdet ligg på austsida av Krokenesvågen i Syltefjorden, og utgjer om lag 18,7 daa.

Formål

Målet med planen er å legge til rette for vidare drift og potensiell utvikling av eksisterande næring knytt til fiskeri innanfor område E51 i kommunens arealdel, planID: 1511-001. For E51 er det i gjeldande KDP sett krav om detaljregulering før utbygging.

Merknader til oppstartsmeldinga

Saman med kommunen har ein i medhald av Pbl § 4-2 vurdert planforslaget til ikkje å skulle konsekvens-utgreiast, då areal-bruksformålet er i samsvar med overordna plan og elles utan vesentlege verknader for miljø og samfunn.

Eventuelle innspel til planarbeidet merkast med «E51 Krokenesvågen, planID: 1511-202304» og sendast anten som e-post til jan@mulvik.no eller som brev til: Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.

Innkomne merknader vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av merknaden til kommunen.

Frist for innspel: 08.07.2024 

Etter at fristen for innspel er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til Vanylven kommune for vidare handsaming. Etter eventuelle justeringar, legg kommunen planen ut til offentleg ettersyn. Det vert då høve til å kome med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming med sikte på endeleg godkjenning av planen.