Varsel om oppstart av detaljregulering for «Detaljreguleringsplan for Sorenskrivargarden – Skjervavegen 10» i Volda kommune. PlanID: 2024001.

Varslingsbrev med vedlegg.

Planområdet

Plangrensa framgår av vedlegg nr.1 samt i vedlagte sosi-fil. Grensa kan bli yttarlegare justert undervegs i planarbeidet.

Formål

Målet med planen er å omregulere gbnr 19/14 frå offentleg tenesteyting til bustadformål slik at huset kan bli brukt som bustad. Samt bevare/vidareføre vernestatusen som eigendomen er underlagt.

Planstatus

I gjeldande reguleringsplan for Volda sentrum (planID: 1965001) er eigedomen regulert til offentleg bebyggelse med unntak av området lengst nord som er uregulert. I gjeldande kommunedel-plan for tidlegare Volda kommune (planID: 2016005) er størstedelen av eigedomen avsett til offentleg eller privat tenesteyting (o_BOP71) medan øvre del mot nord/nordaust er avsett til blå/grønnstruktur (o_G81). Volda kommune er i gang med ny områderegulering av Volda sentrum og aksepterer difor plangrensa som vist.

Informasjon og medverknad

Formell saksgang ih. reglane i plan- og bygningslova sikrar at kravet om medverknad vert ivareteke gjennom lovfesta høyringar og offentleg ettersyn. Utover dette legg ein ikkje opp til særskilte tiltak for medverknad utover behovsretta dialog med kommunen. For informasjon undervegs i planarbeidet kan ein kontakte:

Oppstartsvarselet med vedlegg vert også annonsert i avisa “Møre” og lagt ut både på kommunen si heimeside www.volda.kommune.no  og på Mulvik si heimeside www.mulvik.no

Merknader/Innspel til oppstartsmeldinga

I samråd med kommunen har ein kome fram til at det ikkje er naudsynt med konsekvensutgreiing eller planprogram sidan planen gjeld endring av arealformål for ei einskild tomt og ikkje eit nytt bustad-område. Planen vil ikkje legge til rette for vidare utbygging, men legge til rette for omdisponering av eksisterande bygning.

Eventuelle innspel til planarbeidet merkast med «Detaljreguleringsplan for Sorenskrivargarden – Skjervavegen 10, planID: 2024001» og sendast anten som e-post til freya@mulvik.no eller som brev til: Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.

Innkomne merknader vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av merknaden til kommunen.

Frist for innspel: 22.08.2024

Etter at fristen for innspel er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til Volda kommune for vidare handsaming. Etter eventuelle justeringar, legg kommunen planen ut til offentleg ettersyn. Det vert då høve til å kome med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming med sikte på endeleg god-kjenning av planen.