Mulvik søkjer ny dagleg leiar

Nyheiter | 01. jul 2024

Med mange års erfaring og eit solid rykte, søkjer vi no ein dynamisk og resultatorientert dagleg leiar til å ta verksamheita vår til nye høgder.

Mulvik AS har sidan 1972 levert rådgivande ingeniørtenester frå våre kontor i Volda og Stryn. Mulvik AS er medlem i Takstnett, som er Noregs største nettverk for skadetaksering. Vi er også autorisert medlem av Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF) og av Norsk Takst. Våre 16 tilsette arbeider innan fagområda byggjeteknikk, byggjeleiing, kommunalteknikk, arealplan, oppmåling/geomatikk og taksering. 

Korleis blir arbeidskvardagen din?

  • Overordna ansvar for selskapet si daglege drift og strategiske utvikling
  • Leiing og motivering av tilsette for å oppnå fastsette mål og resultat
  • Utvikling og gjennomføring av forretningsstrategiar i tråd med selskapets mål
  • Sikring av effektiv ressursbruk og økonomisk styring
  • Representasjon av selskapet ovanfor kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar

Kva ønskjer vi frå deg?

  • Relevant høgare utdanning innan leiing, økonomi, eller tilsvarande
  • Minimum 3 års erfaring frå leiarstillingar, gjerne innan bygg og anlegg
  • Sterke leiareigenskapar med dokumenterte resultat
  • God økonomisk forståing og erfaring med budsjett- og resultatansvar
  • Evne til inspirasjon og teamleiing i ein dynamisk og krevjande kvardag

Kva kan vi tilby deg?

  • Ei spanande og utfordrande leiarstilling i eit veletablert selskap
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode utviklingsmoglegheiter og eit støttande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å være med på utforminga av selskapet si framtid

 

Send din søknad og CV til Askjell Våge på e-post askjell@avage.no innan 15.08.2024.

 

Har du spørsmål om stillinga? 

Kontakt Askjell Våge på e-post: askjell@avage.no

Vi ser fram til å høyre frå deg!