Mulvik søkjer ingeniør til byggeteknikk

Nyheiter | 11. des 2024

Er du ein ansvarsfull, sjølvstendig, heilhetstenkjande ingeniør med gode samarbeidsever? Då bør du sjå hit!

Vi ser etter ein ny sivilingeniør til vår avdeling på byggeteknikk. Her vil du bli del av eit triveleg og sammensatt team med prosjekt frå konstruksjonsteknisk prosjektering i alle fasar. Du vil jobbe med alle typer bygg og konstruksjonar.

Vanlege arbeidsoppgåver kan vere:

  • Analyser, dimensjonering og modellering av stål-, tre- og betongkonstruksjonar
  • Utarbeiding av produksjonsunderlag for utføring
  • Detaljprosjektering og utarbeiding av anbodsdokument og tilbodsførespurnad
  • Tilstandsanalyse og rehabilitering.
  • Uavhengig kontroll

Vi ser etter personer med minimum 2 års relevant erfaring, men nyutdanna oppfordrast likevel til å søke. God kjennskap til Revit er ein fordel.

I Mulvik AS får du:

  • Stor fagleg utfordring i store og små prosjekt
  • Fokus på personal- og kompetanseutvikling
  • Gode lønns- og tilsetjingsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø med kjekke og dyktige medarbeidarar

Arbeidsstad vil vere våre kontor i Volda eller Stryn

Les meir om stillinga og søk hos oss!💙

Ynskjer du meir informasjon om stillinga ta kontakt med Bjørn Egil Espenakk på telefon 908 95 808. Søknad med CV sendast til bee@mulvik.no