Varsel om oppstart av detaljregulering for «Naustrekke Aspevika, gbnr.50/18 m.fl» PlanID: 1515 202404.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering av gbnr. 19/14 Herøy kommune. Namn på detaljplanen er detaljreguleringsplan for «Naustrekke Aspevika, gbnr.50/18 m.fl».

Varslingsbrev Med Kart 2024 09 26 Endeleg Versjon

Planområdet

Planområdet ligg i Aspevika i Herøy kommune. Planområdet utgjer 2,7 daa og er omkransa sjø i nord, småbåtanlegg og sjø i aust, naust og nokre bustadhus i sør, samt sjø og strandsone i vest.

Formål

Målet med planarbeidet er å utvide naustformålet a_VA3 noko mot nord slik at oppført terrasse langs fasadene kjem inn under planformålet o_VA3 og kan godkjennast og nyttast av ålmenta med tilkomst frå aust.

Planstatus

I gjeldande reguleringsplan for Aspevika (planID: 201202) med verknadsdato 26.01.2012, er området regulert til reguleringsformålet a_VA3 (naust), a_LNFR3 (friluftsformål), del av f_BLK (leikeplass), a_VA1 (småbåtanlegg i sjø), a_VA2 (småbåtanlegg strandsone) samt f_SPP-3 (parkeringsplass).I sør grip planområdet inn i planID: 201510 «Aspevika 2» med verknadsdato 06.04.2017, utan at det ligg føre endringar her.

Tiltaket er vurdert opp mot §10 i forskrifta om konsekvensutgreiing, men sidan tiltaket er til dels i tråd med overordna plan og elles utan vesentlege verknadar for miljø og samfunn vurderer vi, i samråd med kommunen, det slik at ein ikkje løyser krav om verken planprogram eller konsekvensutgreiing.

Informasjon og medverknad

Formell saksgang ih. reglane i plan- og bygningslova sikrar at kravet om medverknad vert ivareteke gjennom lovfesta høyringar og offentleg ettersyn. Utover dette legg ein ikkje opp til særskilte tiltak for medverknad utover behovsretta dialog med kommunen. For informasjon undervegs i planarbeidet kan ein kontakte:

Oppstartsvarselet med vedlegg vert også annonsert i avisa “Vestlandsnytt” og lagt ut både på kommunen si heimeside www.herøy.kommune.no  og på vår eiga heimeside www.mulvik.no.

Merknader/Innspel til oppstartsmeldinga

Eventuelle innspel til planarbeidet merkast med «Naustrekke Aspevika, gbnr.50/18 m.fl – PlanID 1515 202404» og sendast anten som e-post til freya@mulvik.no eller som brev til: Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda.

Innkomne merknader vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av merknaden til kommunen.

Frist for innspel: 08.11.2024

Etter at fristen for innspel er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til Herøy kommune for vidare handsaming. Etter eventuelle justeringar, legg kommunen planen ut til offentleg ettersyn. Det vert då høve til å komme med merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming med sikte på endeleg godkjenning av planen.