Mulvik AS har sidan 1972 levert rådgivande ingeniørtenester innan byggjeteknikk, kommunalteknikk, byggjeleiing, arealplan, oppmåling og taksering. Firmaet med 17 tilsette har hovudkontor i Volda og avdelingskontor i Stryn. Ynskjer du å jobbe hjå oss?
Send oss ein open søknad på firmapost@mulvik.no.
Ingeniør/Sivilingeniør – byggeteknikk
Du vil bli ein del av eit sammensatt team av ingeniørar der mange har lang og breid erfaring. Prosjekta spenn seg frå konstruksjonsteknisk prosjektering i alle fasar – frå tidlegfase til detaljprosjektering og byggefase med oppfølging på byggeplass. Du vil jobbe med alle typer bygg og konstruksjoner.
Vanlege arbeidsoppgåver kan vere:
- Analyser, dimensjonering og modellering av stål-, tre- og betongkonstruksjonar
- Utarbeiding av produksjonsunderlag for utføring
- Detaljprosjektering og utarbeiding av anbodsdokument og tilbodsførespurnad
- Tilstandsanalyse og rehabilitering.
- Uavhengig kontroll
Vi ser etter personer med minimum 2 års relevant erfaring. Nyutdanna oppfordrast likevel til å søke. God kjennskap til Revit er ein fordel. Vi legg vekt på at du er ansvarsfull, sjølvstendig, heilhetstenkande, har gode samarbeidsevne og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
I Mulvik AS får du:
- Stor fagleg utfordring i store og små prosjekt
- Fokus på personal- og kompetanseutvikling
- Gode lønns- og tilsetjingsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Godt arbeidsmiljø med kjekke og dyktige medarbeidarar
Arbeidsstad: Volda eller Stryn
Frist: 08.01.2025
Ynskjer du meir informasjon om stillinga ta kontakt med Bjørn Egil Espenakk på telefon 908 95 808. Søknad med CV sendast til bee@mulvik.no eller pr post til Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda