Byggeteknikk

Mulvik er leiande innan  byggjeteknisk rådgjeving i området. Med breid kompetanse innan rådgjeving, tek vi dine idear frå skissefase til detaljprosjekt, slik at du får realisert din byggjedraum.

Her vil du møte engasjerte fagfolk, som jobbar tett med kundane for å finne effektive løysingar på krava som blir stillt av bygningsmynde. Vårt tverrfaglege miljø rådgjev deg innanfor; utforming og planløysing, konstruksjonen sitt bæresystem, materialval, bygget sitt energibehov, fundamentering og grunnarbeid.

I Mulvik prosjekterer vi både nybygg og ombygging av betong-, stål- og trekonstruksjonar. Med breid kompetanse og over 50 år i bransjen, tek vi på oss store og små prosjekt. Vi kan bidra i alle fasane i prosjektet.

Med dagens miljø-utfordringar og morgondagens avgrensa  energitilgang, er energi og miljø eit tema vi tek på alvor. Vi vil til ein kvar tid vurdere kva for energitiltak som er hensiktsmessig i forhold til kostnadar for heile prosjektet si levetid.

Den nyaste teknologien vert brukt for å sikre god kvalitet og samarbeid med andre aktørar i prosjektet. For å sikre at byggjekomponentane frå forskjellige entreprenørar ikkje kolliderar, utviklar vi no bygningsinformasjonsmodellar (BIM) til å køyre ein samhandlingskontroll. Vi utviklar ofte BIM, for å effektivt samle all data om bygget på ein stad og dermed minske risikoen for feil under bygging og redusere prosjektkostnadar.

Vi har tilgjengeleg programvare frå enkle berekningsprogram til avanserte FEM-analyser. Ved å nytte analyseprogram for konstruksjon, bereknar vi effektivt alt frå enkle til komplekse konstruksjonar. Med særs høg kompetanse, lang erfaring og gode interne prosedyrar kombinerer vi kunnskap og teknologi for å sikre ein optimalisert konstruksjon.

Mulvik nyttar moderne metodar, slik at vi kan utføre ein effektiv og kvalitetssikker jobb.

 

Kontaktpersonar

Kontakt avdeling for byggeteknikk

Idar Hagen

Sivilingeniør
Mob:
91 58 98 79
E-post:
idar@mulvik.no

Knut Krøvel

Sivilingeniør
Mob:
47 48 20 72
E-post:
knut@mulvik.no

Ingrid Solhaug Hovde

Sivilingeniør
Mob:
90 87 49 10
E-post:
ingrid@mulvik.no

Ove Rønning

Byggingeniør
Mob:
48 10 64 65
E-post:
ove@mulvik.no

Våre tenester